Dette opplyste fiskeriminister Elisabeth Aspaker under ein debatt på Husøydagane i helga. I dag stadfesta statssekretær Amund Drønen Ringdal bodskapen på den pelagiske storsamlinga Pelagisk Arena i Ålesund i dag. -Kravet i Delatakarlova om å vere aktiv fiskar for å kunne ha kvotar skal framleis gjelde. Monopolet salslaga har på omsetning av fisk vil heller ikkje bli endra, men det kan bli mindre justeringar, sa Drønen Ringdal.

Regjeringa vrakar dermed to av dei omstridde fleirtalsforslaga i tilrådinga frå Tveterås-utvalet. Drønen Ringdal grunnla avgjerda med at desse forslaga ikkje vil vere avgjerande for å betre lønsemda i sjømatindustrien.

Samstundes er det klart at det ikkje er fleirtalet i Stortingen for desse to endringane, som Tveterås-fleirtalet gjekk inn for.