Det blir jobba aktivt både frå norske og russiske fiskeristyresmakter med å få frigitt trålaren igjen, men så langt er det usikkert når det vil skje.

- Diverre har dette tatt lenger tid enn vi hadde håpa på, men mannskapet har det bra og vi har ein god dialog med russiske styresmakter. Vi håpar sjølvsagt på ei snarleg løysing, seier styreleiar i Remøy Havfiske, Olav Remøy.

Olav Remøy jobbar intenst no med å få løyst saka, og kjem ikkje til å gi kommentarar til media før saka er løyst.

Årsaka til at trålaren er heldt tilbake er ein formalitetsfeil i dokumenta i samband med behandlinga av lisensen til fartøyet.

Trålaren Remøy er eigd av Remøy Havfiske AS i Fosnavåg i Herøy. Båten har no vore på rekefiske i russisk sone i Barentshavet. Trålaren Remøy har 17 pesonar om bord, der to er frå Færøyane og resten er norske.

- Vi håpar at saka blir raskt løyst og at norske styresmakter finn ei løysing i lag med russiske styresmakter. Vi får god hjelp frå norske fiskeristyresmakter, seier Remøy.