FORUNDRA
Halstensen seier at han er forundra over at ideane til eit så kompetent selskap som Eide Marine Services ikkje blir tatt meir alvorleg. Selskapet inviterte seg sjølv til eit møte med Kytsverket sist haust og la då fram ei skise for korleis U-864 kunne hevast trygt. Kystverket kom ikkje tilbake til selskapet etter dette møtet.
Eide marine services står bak hevinga av "Sleipner", tankskipet "Rocknes" og no sist "Sleipner".
-Inntrykket er at framlegget frå Eide Marine Services ikkje blei tatt alvorleg av styresmaktene, seier Halstensen.

FISKEBÅT OPPTATT AV MILJØET
Fiskebåtleiaren har tatt opp problema med U-864 ved fleire høve, blant anna i talen sin til representantskapet i Fiskebåtredernes Forbund i midten av januar i år. Då sa Halstensen mellom anna:
"Fiskeri- og kystdepartementet skal med det første avgjera kva som skal gjerast med den tyske ubåten U-864 på havbotnen utanfor Fedje i Hordaland. Det er store mengder kvikksølv om bord i ubåten. Kystdirektoratet har etter rapportar frå ekspertar tilrådd tildekking av ubåtvraket, framfor heving.
Eg forutset at departementet vel tiltak for å ufarleggjera lasten, slik at omdømet til norsk fisk som rein og sunn mat i verdsklasse vert sikra, og reknar difor ikkje med at styresmaktene tek sjansen på å følgja tilrådinga.

Samstundes kjem det no melding om at atomgjenvinningsanlegget i Sellafield vert opna på nytt. Den norske miljøvernministeren har reagert adekvat og skarpt på denne avgjerda, i tråd med tidlegare norsk haldning.
Etter vår vurdering er det naturleg å sjå desse to sakene i samanheng. Fjerning av ubåtvraket ved Fedje vil gi det norske synet mykje større legitimitet og tyngde når vi krev at Sellafield forblir stengt. Forureiningspotensialet i desse to sakene er uhyggeleg og burde ikkje koma i skuggen av Nox-saka, heller omvendt.

Sist veke vart i tillegg Fedje-samfunnet heimsøkt av ein forureinsingskatastrofe det lenge har vore åtvara mot, og som på nytt minner oss om trugsmålet frå den sterkt aukande oljetransporten langs kysten vår.
På nytt vart det avslørt at me diverre har ein svært lang veg å gå før me har tekniske løysingar og tilfredsstillande beredskap mot denne faren.

Og igjen torer me minna miljøvernministeren om at dei verkeleg store trugsmåla mot kysten og fiskerinæringa i dag, er tvillaust kvikksølv-båten, Sellafield/Murmansk og forureining frå oljeverksemd og oljetransport. Her har det vore mykje prat og lite handling, i fleire år.

Fiskebåtredernes Forbund har tilbudt Staten ved Kystverket å inngå avtale om beredskap under flåten si fiskeridrift,slik at eigne fartøy kan gå til aksjon for i hindra katastrofar. Mange havfiskefartøy har ei slepekraft på nær 100 tonn og manøvreringseigenskapar som ingen flåtegrupper kan konkurrera med. Vårt tilbod var i realiteten gratis for Staten".