Avtalen inneber eit generelt tillegg på 4,2 prosent. Maskinistane får dessutan ei ekstraordinær heving av overtidssatsar og ekstraordinær heving av hyra når dei arbeider ombord når skipet ligg i ro.
-Det var viktig for oss å gi dei ekstra tillegga for arbeid som blir utført av maskinistane når andre mannskap har fri, seier Maråk. Maskinistforbundet ville i utgangspunktet ha auka lott, men har altså tilrådd meklingsframlegget, slik også Fiskebåtredernes Forbund har gjort.

Det er sett ein svarfrist til 10. september for at styra i organisasjonane skal kunne behandle meklingsresultatet.