Resultata frå granskinga viser at det langt frå er snakk om forgubbing i den norske havfiskeflåten. Tvert om er det eit svært ungdommeleg preg over mannskapa. Rundt 72 prosent av dei tilsette i havfiskeflåten er 45 år eller yngre og flest er det i aldersgruppa 25-35 år.

I torsketrål er det over 2000 tilsette, av desse er vel 800 på fabrikkskip. Den neststørste gruppa når det gjeld sysselsetting er ringtnot, med knapt 1400 tilsette. I linegruppa er det i underkant av 900 tilsette, medan reketrålflåten i 2005 sysselsette 210 personar.

Granskinga viser at Møre og Romsdal har ein dominerande plass i havfiskeflåten. Nesten 40 prosent av dei tilsette i havfiskeflåten kjem frå dette fylket, og har med det nesten tre gonger så mange tilsette som det nest største, Hordaland. Dei tre nordnorske fylka hadde i 2005 rundt 25 prosent av dei tilsette i havfiskeflåten.

Spørjegranskinga viser også at utlendingane om bord i havfiskeflåten utgjer under 4 prosent av mannskapa.