Dei politiske signala blei oppfatta som eit gjennombrot for igjen å kunne opne for marknadstilgang for norsk sjømat. Dette førte til ei forventning om at den oppdaterte produsentlista som blei oversendt til kinesiske styresmakter i oktober i fjor, ville få ei snarleg godkjenning.

Andre land
Men så langt er det lite som tyder på at det har skjedd. Kinesarane oppdaterer listene til andre land, som til dømes Russland, men i forhold til den norske lista skjer det ingen ting. I eit brev til Nærings- og fiskeridepartementet, krev Fiskebåt at departementet no tar politisk kontakt for å finne ei løysing.

Politisk
- Sett i lys av den normaliseringa som skal ha funne stad, er det uhaldbart at det har tatt så lang tid å få godkjent lista. Vi forventar difor at saka blir løfta opp på politisk nivå, og gjentar at saka har svært mykje å seie for dei verksemdene som ikkje er ført på listene, skriv adm.dir. i Fiskebåt Audun Maråk, i brevet.