Årsaka er at det er oppdaga ein feil i inputdata, som gjer at dei må gjere nye berekningar, skriv Havforskingsinstituttet. Det blir no jobba med å få gjort nye analyser, slik at det vil kome eit nytt kvoteråd for NVG-sild for 2018.

Uheldig
- Det er uheldig når slike situasjonar oppstår gang på gang, og det er det er viktig at ICES og Havforskingsinstituttet kvalitetssikrar arbeidet sitt betre, seier Audun Maråk, adm.dir. i Fiskebåt.

Rask avklaring
Ifølgje Maråk er det no viktig at det blir ei rask avklaring frå ICES om kva som skal vere kvoterådet for 2018.

- Vi må likevel vere positive til at forskingsinstitusjonar korrigerer råda sine på ein open og ryddig måte når det blir oppdaga feil. Viss det blir forsøkt å haldast skjult, vil det svekke tilliten kraftig, seier Maråk.

London
Opplysingane kom fram under forhandlingane som no pågår i London. Revidert kvoteråd vil truleg ikkje vere klart før i neste veke.