Bakgrunnen for debatten er at regjeringa før påske skal legge fram ei Stortingsmelding om strukturpolitikken.

Fiskebåtredernes Forbund ønskjer ikkje tidsavgrensa kvotar, medan SV vil ha ei maksgrense på 15 år. Det er uvisst kva regjeringa landar på, men APs fiskeripolitiske talsmann, Steinar Gullvåg, åtvara i Politisk kvarter i NRK i dag mot SVs maksgrense. Gullvåg sa blant anna at strukturordningane må ha oppslutning, både i Stortinget og næringa.

Fiskebåtredernes Forbund ønskjer ikkje spesialbehandling, men at struktureing og effektivisering i fiskeflåten skal behandlast på line med slike tiltak i andre næringar.