Møtet fann stad hos Strand Rederi, og Høgre-delegasjonen blei også vist rundt på ein av dei moderne havfiskebåtane til Ålesundsreiarlaget, Strand Senior, av skipper Svein Røsok.
Frå Fiskebåt møtte mellom andre styreleiar Inge Halstensen, landsstyremedlem Ola Helge Holmøy og direktør Audun Maråk.

Fiskebåt-direktør Maråk hadde ein gjennomgang av den sentrale posisjonen havfiskeflåten har i norsk fiskerinæringa og tok opp aktuelle fiskeripolitiske spørsmål. Deretter var det ein nyttig dialog mellom Høgre og representantane for Fiskebåt.
Frå Fiskebåts side blei det understreka at organisasjonen reknar med at Høgre vil arbeide for å
-redusere skatte- og avgiftstrykket for havfiskeflåten
-likebehandle fiskeflåten med andre næringar
-for god strukturpolitikk
-fjerne hemmande detaljreguleringar
-videreføre det sterke engasjement for gode internasjonale avtalar


Konkret var Nox-avgift, deltakarlov, politisk detaljregulering. ressursfordeling innan fiskeria, den diskriminerande nettolønsordninga blant emna i meiningsutvekslinga.

Styreleiar Inge Halstensen i Fiskebåt kommenterer møtet slik:
-Det var godt å møte politikarar som skjønar at fiskeflåten må ha ei produktivitetsutvikling på linje med andre næringar.