"Herøy" var nyleg overtatt av Herøyfisk, som er eigd av Eros-reiarlaget. Båten heitte tidlegare "Åkerøy" og tilhøyrde før Dønna Havfiske i Nordland. «Åkerøy» blei bygd i 1995 ved Simek AS i Flekkefjord for eit irsk reiarlag og heitte då "Vigilant".

"Herøy" er ein kombinert ringnotsnurpar og industritrålar.

I 2002 kjøpte Dønna Havfiske båten og døypte den om til «Åkerøy».

"Herøy" hadde lossa 540 tonn norsk vårgytande sild i Florø og var på veg nordover, då grunnstøytinga skjedde. Sildelasten var den første fangsten for den nye eigaren.