-Hamnestatskontrollen i fiskeria vil skape langt betre oversikt over det samla fiskeuttaket. Det vil heretter bli vanskeleg for fartøy som driv ulovleg fiske å få landa tjuvgodset, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.

Systemet omfattar heile EU, Russland, Island, Grønland, Færøyane og Noreg. For at utanlandske fartøy skal få lande frosen fisk i hamnene i desse landa, må alle partar følgje ein grundig utarbeidd prosedyre.

Når fartøyet sender førehandsmelding om landing, må flaggstaten stadfeste overfor hamnestaten at:
- det aktuelle fartøyet har tilstrekkeleg kvote for fangsten
- fangsten er rapportert til flaggstaten for kvoteavrekning
- fartøyet hadde lisens for fiske i det aktuelle området
- fiskeriaktiviteten stemmer med flaggstatens satelittsporingsdata

Utan ei slik stadfesting kan frosen fisk ikkje landast. NEAFC har oppretta databasar for å ta vare på informasjonen til bruk for organisasjonen og medlemslanda.

- Det er gledeleg at Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen, inkludert Russland og EU, sluttar opp om avtalen om hamnestatskontroll. No startar eit stort arbeid med å implementere eit omfattande system i alle landa dette gjeld, seier Helga Pedersen.

Etter framlegg frå Noreg har også FNs matvareorganisasjon FAO vedtatt å utgreie eit globalt regime for hamnekontroll i fiskeria.