-Eg forventar at regjeringa om kort tid seier ja til ein miljøavtale som er i tråd med det næringslivet har foreslått, uttalte han i duellen med Høgres Torbjørn Hansen.

-Det er eine og åleine regjeringa sitt ansvar å rydde opp, sa Steinar Gullvåg.

Høgres Torbjørn Hansen sa at NOx-avgifta er som ein møllestein rundt halsen på fiskeflåten og han var langt frå sikker på at regjeringa vil gå med på ein miljøavtale.

Nox-saka var eit sentralt tema i duellen, som også handla om nettoløn og fiskarfrådrag, eigarskapspørsmål i fiskeflåten, leveringsplikt og distriktskvoteordning, mellom anna.

Debatten gjekk føre seg i SUROFI-teltet, og opptakten var eit heftig sambaopptog gjennom Ålesundsgatene, for å markere tilknytinga mellom Sunnmøre og Brasil gjennom klippfisken.