Halleraker opplyser at komiteen no vil drøfte med Fiskeri- og kystdepartementet fleire sider ved rapporten, som konkluderte med tildekking istadenfor heving og/eller fjerning av kvikksølvlasten på 65 tonn.
-Komiteen vil bruke så god tid at saka ikkje kjem opp i Stortinget før i midten av mai, seier Halleraker.

Det var fire FRP-representantar som tok saka opp i Stortinget, etter at Fiskeri- og kystdepartementet bestemte seg for tildekking av vraket, etter drøfting i regjerinmga.
Tysdag i denne vaka var det høyring i komiteen, der alle høyringsinstansane som møtte tilrådde heving eller utgreiing av fleire alternativ.

Parallelt med den politiske prosessen som no pågår vil Kystverket på eit informasjonsmøte orientere om grunnlaget for Kystverkets tilråding om tildekking av ubåtvraket. Til møtet blir eit breitt utval av miljøorganisasjonar invitert, saman med andre aktørar som har vist interesse for saka.