-Vindkraftnæringa er ein forholdsvis ny aktør i konkurransen om bruk av kystsona. Mange er positive til vindkraft, så lenge ein ikkje ser kvar den kjem frå. Derfor har blikket retta seg mot havet som ein eigna stad for utbygging av vindkraftanlegg, sa Ulriksen.

-Førebels har vi ikkje lovgrunnlag for å etablere slike anlegg utanfor grunnlinjene. Den nye lova om fornybar energiproduksjon til havs, havenergilova, skal behandlast av Stortinget i mars, og lova vil venteleg tre i kraft frå 1. juli i år, opplyste statssekretæren.

-Vindkraftanlegg vil leggje beslag på store areal, langt meir enn petroleumsinstallasjonar. Dette vil kunne få store konsekvensar for både fiskeri og skipsfart, sa statssekretær Vidar Ulriksen.