For den havgåande flåten foregår fisket rundt 66 garder nord, i Smutthavet og heilt på grensa til Færøy/EU-sona.

Det vart fiska bra sist veke og fordelinga mellom gruppene er følgande. Ringnot har tatt vel 38 500 tonn, stor kyst har tatt 6 800 tonn og den minste kystgruppa har tatt 470 tonn, skrive Sildelaget på si nettside.

Nordsjøsild
Av nordsjøsild er det meldt inn 980 tonn. Det meste av dette kjem frå to norske trålfangstar på til saman 875 tonn som er tatt på Fladengrunnen.

Storleiken er på 190 til 205 gram, og fangstane er levert til konsum i Norge. I tillegg er det tatt nokre fangstar på kysten, som i hovudsak låssatt, i Os og Kvinnherad i tillegg til ein direktefangst fra Måløyområdet.

Du kan lese heile saka frå Sildelaget på lenka under.