Dagkvantuma har derimot variert frå 0 til 12 300 skriv Sildesalgslaget på si nettside. Storparten av silda kjem frå Smutthavet der så mykje som 25 800 tonn er henta frå. I tillegg er 7 100 tonn tatt i tilstøytande område, men i norsk sone.

Nordsjøsild
Fleire båtar har også tatt del i fisket etter nordsjøsild, der det blei landa 3 250 tonn, fordelt på 11 fangstar. Det meste av dette er tatt i det same området som det blir fiska makrell.

Makrell
Sist veke blei det levert 28 650 tonn makrell. Det meste kom frå utanlandske båtar sto for 20 950 tonn av leveransane. Fisket foregår no søraust for Shetland både for dei norske og utanlandske båtane, men enkelte av dei utanlandske fiskar no også sør og sørveste for Shetland.

Sjå lenke under for fullstendig rapport frå Norges Sildesalgslag.