I møtet blei det gått gjennom fleire tema, mellom anna korleis referansepunkta virkar inn på kvotenivået.

- Det er viktig at HI tar eit hovudansvar i samband med neste års revisjon av referansepunkta. Vi kan ikkje understreke nok, kor viktige desse referansepunkta er for det framtidige kvotenivået. HI og næringa har felles mål, nemleg å drive ei berekraftig forvaltning, herunder størst mogleg utbytte av fiskebestandene, seier Maråk.

Oppfølging
Maråk understrekar at dette var eit viktig å møte, men at oppfølginga også er sentral.

- Eg trur møtet i dag og det vidare oppfølgingsarbeidet vil vere avgjerande for verdiskapninga i pelagisk sektor. Møtet viste også at det var rett satsing for Fiskebåt å tilsette ein person med forskingskompetanse. Dette har, og vil kome heile næringa til god nytte. Eg er difor svært godt fornøgd med møtet, seier Maråk.

Gode samtalar
Også HI-direktør Sissel Rogne, seier det var eit godt møte.