Ved Island pågår loddefisket for fullt. Det er godt ver og gode fangstar for dei norske båtane. Med godt ver vel dei fleste å gå til Norge med fangstane, noko som gir betre pris enten det er til konsum eller industriformål. No står det igjen rundt 3000 tonn av den norske kvoten som blei utvida til 39.000 tonn.

Også kolmulefisket ved Irland har vore godt, men har det siste døgnet vore hemma av storm.