I distriktet til Norges Råfisklag er det levert knapt 33000 tonn fisk dei fire første vekene av året, litt meir enn gjennomsnittet for dei siste fem åra. Samla verdi er på 435 millionar kroner og det er rekordnotering for dei siste fem åra. Verdien er vel 100 illionar kroner høgare enn snittet for perioden, opplyser BNorges Råfisklag.

For fersk eller ombordfryst torsk er gjennomsnittsprisen 24, 09 kroner per kilo, mot kr.20,44 i same periode i fjor.

Sist veke var fangsten av NVG-sild på 24.600 tonn. Dette er det lågaste vekekvantumet så langt i år. Mindre inetresse frå marknaden og dåtrleg ver i slutten av sist veke er forklaringa, opplyser Norges Sildesalgslag.

Lodde
17 av dei 21 båtane som fekk tilbod om å delta i loddefisket ved Island etter utvidinga av kvoten var på veg til feltet i går kveld. Nesten heile den første kvoten på vel 21.000 tonn er fiska opp.

Kolmule

Prisen på kolmule var på 1,60-1,70 sist veke. Kolmulefisket sist veke ga eit vantum på vel 46.000 tonn frå norske og færøyiske båtar, opplyser Norges Sildeslagslag.