Det er Miljødirektoratet som har gitt Statoil løyve til boring av ein såkalla avgrensingsbrønn på Vikingbanken.

- Vi kan ikkje godta at fiskeinteressene blir overkøyrt på denne måten, og vi kjem difor til å anke dette vedtaket inn for Miljøverndepartementet, seier Audun Maråk, adm.dir. i Fiskebåt.

Også Norges fiskarlag har klaga på vedtaket.

Samla råd
Eit samla fiskerimiljø med Fiskebåt, Fiskarlaget, Fiskeridirektoratet og Havforskingsinstituttet, har gitt klare råd mot oljeaktivitet i det aktuelle området. Feltet rundt Viktingbanken er eit viktig gytefelt for Tobis. Fisken held til på sandbotn og ligg i stor grad av tida nedgravd i botnen.

Stengt for fiske
Det aktuelle området der Statoil no vil starte boring har i fleire år vore freda for fiske i eit forsøk på å bygge opp tobisbestanden.

- Det framstår difor som merkeleg at Miljødirektoratet no gir løyve til aktivitet med fare for utslepp, berre 300 meter frå eit tobisfelt, seier Maråk.