Det er uvanleg med kolmulefangstar så langt nord på denne tida av året, og fangsten stadfestar bildet frå tidlegare i år med mykje kolmule i Norskehavet.

-Vi såg mange flekkar med kolmule, men fisken var lite samla, seier skipper Petter Geir Smådal om bord i Smaragd, som no lossar fangsten ved Vedde i Sula kommune.

Smådal opplyser at alt fungerte med nye fartøyet, og at det var viktig å få testa fartøyet på kolmuletråling før Smaragd no startar på makrellesesongen.