Kolmulefangstane var for det meste tatt i EU-sona vest av Irland. To tredelar gjekk til norske fabrikkar, resten til danske. Her i landet låg prisane frå kr.1,51-1,58, medan det i Danmark i snitt blei betalt ti øre meir.

NVG-sild
Sist veke blei det omsett knapt 10.000 tonn og av dette gjekk berre 735 tonn til konsum. Til no i år er det ikkje tatt fangstar sør for Stadt, melder Sildelaget. Her i landet blei konsumsilda omsett til minstepris, medan det i Danmark blei betalt opp til kr.3,03.

Nordsjøsild:
Det blei omsatt ein fangst til Danmark med 175 tonn nordsjøsild til kr. 3,13, på auksjon.

Kystbrisling:
Også siste veke leverte eit fartøy 17 t kystbrisling som ble betalt med kr. 4,45 for kiloen, melder Norges Sildesalgslag.