-Bilda blei tatt i går i flott ver, fortel Sørensen frå brua på Andenesfisk I. -I dag derimot er det liten storm frå nord og snøkave, så vi ligg berre og bakkar. Frå i kveld får vi etter meldingane brukbare fangstforhold i halvtanna døgn, før kulingen melder seg, seier han.

-Korleis går fisket?
-Vi har ein del hyse igjen å fiske, men på grunn av verforholda har det vore vanskeleg sidan hysa er lite samla. Torsken derimot er lettare å få tatt, seier Sørensen.

-Blir det jul i land?
-Joda, vi skal losse på Andenes 22. desember, fortel skipper Torbjørn Sørensen.

Andenesfisk I er den nyaste fabrikktrålaren i den norske flåten, og leverer som dei andre ombordprodusentane førsteklasse filetar av torsk og hyse, innfryste innan fire timar etter fangst.