Havet har tar opp meir enn 80 prosent av den varmen som er tilført klimasystemet. Årsakene til havstiginga er både at sjøvatnet utvidar seg når det blir varmare og at is- og snødekke på land smeltar.

Dei siste hundre åra har den globale gjennomsnittstemperaturen auka med 0,74 grader. Isbrear, snødekke og permafrost har minka både på den nordlege og sørlege halvkule.

FNs klimapanel reknar med at det er meir enn fem gonger meir sannsynleg at klimaendringane er menneskeskapt enn at årsaka er auka solstråling.

Ifølgje klimapanelet er det svært sannsynleg at klimaendringane i dette hundreåret kjem til å bli større enn i førre hundreåret.

Men temperaturen og dermed havnivået i norske farvatn kjem truleg til å stige mindre enn i resten av verda. Grunnen er at ein svekka Golfstraum vil redusere varmeoverføringane frå sør til nord i Atlanterhavet, sdeier FN klimapanel.