--Dermed er det 51 prosent av dei spurte som vil ha kvotesal eller driftsordningar, altså strukturering. 32 prosent var imot. Held vi utanfor dei som ikkje har gjort seg opp ei meining blir fleirtalet for strukturering endå større. Det er også interessant å merke seg at det er stadig fleire sjarkfiskarar som ønskjer kvotesal, seier Maråk. Dette er den same utviklinga som vi har sett i den større fiskeflåten, der fleirtalet for strukturering har blitt større og større. Alternativet er manglande lønsemd, manglande fornying og manglande rekuttering til fiskaryrket, seier Audun Maråk.
Han konstaterer at avisa Fiskaren, også på leiarplass, ikkje registrerer at det er eit fleirtal for kvotehandel og strukturering strukturering også blant sjarkfiskarane. -Avisa klarer til og med å få eit klart fleirtal til å bli eit mindretal, seier Fiskebåt-direktøren.