Selfangsten
I budsjettforslaget går regjeringa inn for å kutte den økonomiske støtta til selfangsten i 2015. KrF vil halde oppe støtta på årets nivå (12 millionar kr), medan Venstre har sett av seks millionar kroner til selfangsten i sitt alternative budsjett.

Av opposisjonspartia går både Ap og Sp inn for å halde selfangststøtta på årets nivå.

Havforsking
Venstre vil auke løyvingane til havforsking med 20 millionar kroner i forhold til framlegget frå regjeringa. I tillegg vil Venstre løyve 10 millionar kroner ekstra til forskingstokt i Sørishavet og Sør-Atlanteren.

I sitt alternative statsbudsjett foreslår KrF 40 millionar meir enn regjeringa til fiskeri- og havbruksforsking.

Fiskarfrådraget
I forslaget frå regjeringa er fiskarfrådraget uendra, det vil seie 150 000 kroner. Venstre foreslår å auke frådraget til 175 000 kroner i 2015. KrF går inn for å "lønnsjustere" fiskarfrådraget, som det heiter i partiets alternative statsbudsjett.
Partiet har sett av 17 millionar kroner til dette i forslaget sitt.

Finanskomiteen skal ha klar si tilråding om statsbudsjettet 20. november,