Støre viste til den globale utfordringa med plast og anna søppel i havet.

- Havet er ein trua art på jorda. Vi treng difor ein vekkelse utover fiskerinæringa for å ta tak i problemet med plast og anna søppel i havet. Skal vi greie dette må fiskerinæringa bli meir synlege i politikken slik at det blir lagt meir press for å løyse desse problema, sa Støre.

Ifølgje Støre treng vi ein vekkelse, med referanse til 500-årsjubileet for reformasjonen. Han viste til at ein ikkje kan skjule seg bak at det er vanskeleg å få til internasjonale avtalar. Tvert om, her kan Norge ta ei leiinde rolle, sa Støre.

- Vi må få betre panteordningar for søppel. Vi må ha årlege oppryddingstokt og kvifor ikkje engasjere skuleklassar i dette arbeidet, sa Støre til landsmøtet.