Fiskebåt Vest-medlemmer til Loen
Medlemmene i Fiskebåt Vest møtest til årsmøte i Loen komande fredag og laurdag.
1 des 2014
På møtet skal statssekretær Amund Drønen Ringdal i Nærings- og fiskeridepartementet innleie til debatt om aktuelle fiskeri- og næringspolitiske spørsmål.
Ei anna hovudsak blir spørsmålet om kva endringar som er i vente i norsk fiskerinæring. Innleiarar er direktør Knut Helge Vestre i Coldwater Prawns of Norway og professor Frank Asche ved Universitetet i Stavanger.