Halstensen er invitert til å halde foredraget om bord i båten The Hebridean Princess i Gudvangen no i ettermiddag. Tema for foredraget blir blant anna betydninga av å hauste forsvarleg frå havet, behovet verda har for sunn sjømat, berekraftig hausting, fiskerinæringa si betydning for lokalsamfunn og heile nasjonen og miljøutfordringar.

Ted Turner (70) er mest kjent som mannen som starta nyheitskanalen CNN.
No har han ei rekkje velgjerande stiftingar, men er også framleis forretningsmann gjennom Turner Enterprises, som eig restaurantar, eigedommar og ranchar med til saman 50.000 bisonoksar.

Les meir om Ted Turner og selskapa hans