Fiskebåt har i samarbeid med Norges Råfisklag, sett av 50 000 kroner til frivillige organisasjonar som vil vere med å rydde søppel langs kysten. Pengane blir fordelt på 10 forskjellige lag eller organisasjonar som vil være med å gjere ein innsats for miljøet.

Skal leve av havet
Fiskebåt er opptatt av å drive ei bærekraftig hausting av fiskeressursane. Det er livet i havet vi skal leve av framover. Difor er det viktig å støtte opp om tiltak som kan redusere søppelet i havet. Dei som blir med på dette prosjektet vil gjere god nytte både globalt og lokalt. Samtidig som dei hjelper til med å halde havet reint, får dei også rydda i sitt eige nærmiljø.

Truar dyrelivet
Marin forsøpling truer dyrelivet i havet. Plast og anna syntetisk materiale tar svært lang tid å bryte ned, og kan difor vere til stor skade for både fisk, fuglar og andre dyr som lever ved og i havet.

Rydd ei strand og få støtte
Første veka i mai (2.-7.mai) er sett av som strandryddeveka, med laurdag 6. mai som sjølve strandryddedagen. Alle som organiserer rydding i løpet av denne veka kan søke om å få støtte frå Fiskebåt på kr. 5000. Det blir gitt støtte til 10 lag/organisasjonar langs kysten.

Dette er krava for å få støtte
• Søkar må vere ein ideell organisasjon (idrettslag, skulekorps, speidarar etc.), som er heimehøyrande i ein kystkommune.
• Ryddinga må finne stad i perioden 2. til 7. mai 2017.
• Søkar må oppgi kva for strand som skal ryddast og tidspunkt for ryddinga.
• Ryddinga må dokumenterast med bilde, som sendast til Fiskebåt etter at aksjonen
er gjennomført og seinast 10. mai.
• Fiskebåt har retten til å publisere innsendte bilde på eiga nettside og
Facebookside.
• Søkar må sjølv melde seg på ryddeportalen til (lenke) Hold Norge Rent, og ordne med vidare handtering/levering av innsamla avfall.
• Pengestøtta blir utbetalt etter at aksjonen er avslutta og dokumentasjon er sendt til
Fiskebåt.

Søknadsfrist: Fredag 28.04.17
Frist for rapportering med bilde: 10.05.17.

Kriterier for utvelging:
• Vi legg vekt på å ha ei geografisk fordeling blant dei 10 som får støtte. Er det fleire
innanfor same område vil vi velge ut ved hjelp av loddtrekning.
• Det må utførast minst 30 timesverk med rydding.

Søknader sendast til [SEMI]
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Kontakt for meir informasjon [SEMI]
Odd Kristian Dahle
Informasjonsleiar/Head of Communications
Mobile: +47 906 15 658
Tel: +47 70 10 14 67