Forskingsdirektør Misund seier at det har vore mellom 500.000 og 700.000 tonn lodde ved kysten i år ifølgje målingane. Han understrekar likevel at det knyter seg store vanskar til metodane som skal fastslå kor stor bestanden er.

Direktør Audun Maråk i Fiskebåt kritiserer at det ikkje blei gjennomført måling av loddegytinga i fjor vår.
-Med same positive resultat samanhalde med hausttoktet hadde ICES hatt eit meir positivt bilde av bestandssituasjonen og kanskje opna for eit fiske på rundt 200.000 tonn. Då hadde norske fiskarar kunne tatt 120.000 tonn lodde til ein verdi på mellom 300 og 500 millionar kroner. Det er beklageleg at mangelen på kunnskap og for dårleg rådgivingsgrunnlag øydelegg for norske og russiske fiskarar, seier Audun Maråk.