Det bør gjerast nye målingar framfor gytesesongen, slik at den fastsette kvoten eventuelt kan justerast om det er behov for det, seier Maråk.

KOLMULE
Fiskebåt godtar ein gradvis reduksjon av kolmulekvoten, men kan ikkje godta at kvoten i 2008 blir meir enn halvert i forhold til i år. -Det er ikkje nødvendig av omsyn til bestanden og ein slik drastisk reduksjon vil skape store problem for flåten, industrien og oppdrettsnæringa, uttaler Fiskebåt-direktøren.

MAKRELL
ICES uttalar at totaluttaket av makrell er minst 60 prosent større enn fangstane som blir rapporterte.
-Eg har vanskeleg for å tru dette, sidan både næringa og styresmaktene har fokusert sterkt på å kontrollere totaluttaket, seier Maråk.
-Vi har trudd at vi har oppnådd ein reduksjon i EUs overfiske av makrell. Er det framleis eit betydeleg overfiske, så må betre kontroll med uttaket vere det viktigaste kravet for Norge. Ingen regel er utan unntak, men eg er trygg på at det norske fisket generelt sett kan tene som eit føredøme, seier Fiskebåt-direktør Audun Maråk.