Fiskarane har som kjenrt tatt initiativ til betre bestandsmålingar av norsk vårgytande sild (nvg-sild) for å få meir korrekte mål av bestanden. Det er danna ei samarbeidsgruppe for fiskarane, med representantar frå Fiskebåt, Norges Fiskarlag og Pelagisk Forening. Samarbeidsgruppa jobbar opp mot Havforskingsinstituttet (HI). Så langt er det gjennomført to felles toktplanleggingsmøte, og samarbeidet med HI er svært bra.

Dugnad 1
Fartøy som skal til Island for å fiske lodde blir bedne om å observere sildeforekomstar og rapportere desse til HI. Fartøy som vil delta i denne dugnaden blir bedne om å melde seg til Sildelagets innmeldingstelefon dagen før utsegling. Det vil då bli avtalt ein startposisjon nær der fartøyet er, og gitt meir informasjon.

Dugnad 2
Fartøy som skal fiske sild på norskekysten blir bedne om å gi opp til to døgn i perioden 28. januar til 1. februar, for å delta i ei finare dekning av dei sildekonsentrasjonane som islandsfartøya har observert frå Eggakanten og utover. Dess betre bilete forskarane har av fordelinga av sild ute i havet rett før toktstart, jo mindre område og tettare dekning kan toktfartøya gå. Fartøy som vil delta i dugnad 2 blir bede om å kontakte Torfinn Gangstad.

Samarbeidsgruppa understrekar at det er første gong det skjer eit slikt samarbeid mellom fiskarane og HI, og at dette er eit særs viktig forskingstokt for fiskarane. Gruppa understrekar også at begge dugnadane vil spele ei stor rolle for kvaliteten på toktet. Ved å delta kan fiskarane gi eit viktig bidrag til å få betre kunnskap om kor stor sildebestanden er.

Spørsmål kan rettast til
-Torfinn Gangstad på tlf. 918 12 473 eller Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
eller
Jens Christian Holst, tlf. 971 70 960eller Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.