Det er ti finalistar i den store National Fish&Chip Awards i Storbritannia som deltar saman med utvalde "ambassadørar" for norsk fisk blant fish&chips-restaurantar.

I går var dei på ein flott tur med linefartøyet Frøyanes, med linefiske i Breisunddjupet og produksjon om bord, blant anna.

Om kvelden var det festmiddag på Klippfiskakademiet, der også representantar for reiarlaga med ombordproduksjon av filetar deltok saman med salsselskapa.

Menyen var basert på sjøfrosen fisk frå Frøyanes, og Klippfiskakademiet med Mindor Klauseth i spissen leverte varene med ceviche av torsk, bacalao og pannesteikt hyse, alle med nydeleg tilbehør.

I dag får deltakarane med seg eit foredrag om det berekraftige norske fisket og forvaltinga av ressursane frå seniorforskar Harald Gjøsæter ved Havforskingsinstituttet. Besøket blir avslutta i ettermiddag med lunsj på Fjellstua i Ålesund og ei orientering om Ålesunds historie, med vekt på bybrannen og fiskeria.