Finansiering av fiskebåtar på dagsorden
Finansiering av fiskefartøy blir ei av hovudsakene på årsmøtet til Fiskebåt Vest i Ålesund 1. desember.
15 nov 2017
Fiskeflåten treng stadig fornying, men ofte er det finansieringsordningane det stansar opp med. Fiskebåt Vest har difor fått Wenche Nistad i GIEK (Garantiinstituttet for eksportkreditt) til å fortelje kva dei kan bidra med.
- Fornying av fiskeflåten er avgjerande for at vi skal kunne drive forsvarleg både i forhold til miljø og økonomi. Vi er difor svært glade for at Nistad kjem til årsmøtet, og fortel kva muligheiter som ligg i GIEK-systemet, seier Paul Harald Leinebø, styreleiar i
Fiskebåt Vest.
Meir økonomi
Økonomien er viktig for fiskeflåten. Til årsmøtet kjem også sjeføkonom i Sparebanken Møre, Inge Furre, for snakke om korleis framtida ser ut for næringa. Statssekretær i
Nærings- og fiskeridepartementet Veronica Pedersen Åsheim, skal gjere greie for kva fiskeripolitikk vi kan vente oss dei komande fire åra. Og under same tema er også stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap).
- Vi synes vi har fått på plass eit variert og godt fagleg program, der vi løfter blikket og ser litt framover. For næringa er det viktig å få litt fagleg påfyll, og det blir det garantert denne dagen, seier Leinebø.
Kompetanse
Til årsmøtet kjem også forfattar