Også Fiskebåt-direktør Audun Maråk, som var med i den norske delegasjonen, er svært skuffa og oppgitt over EUs framferd i makrell-saka.
-Vi hadde håp om at EU skulle snu og dokumenterte på møtet at det norske standpunktet går klart fram av avtalen mellom Norge og EU for 2009 og også av avtalar tilbake til før 1994, seier Maråk.
-Det synest klart at EU i denne saka er pressa av Skottland og Nederland til å stenge den norske flåten ute. Dette trass i at EU-flåten gjennomgåande har mykje større tilgang i norsk økonomisk sone enn den norske flåten har i EU-sona, fastslår Maråk.

Han seier at næringa vil diskutere med norske styresmakter korleis denne vanskelege saka skal handterast vidare.