Verdien av torskefangstane auka med vel 400 millionar kroner, til nesten 2, 7 millardar kroner i første halvår. Kolmule auka med 130 millionar, til 820 millionar kroner. Verdien av hysefangstane var 136 millionar kroner større enn i same tidsrom i fjor. Det norske loddefisket ved Island ga i første halvår ei inntekt på vel 93 millionar kroner, mot rundt 4 millionar i same tidsrom i fjor.

REKER OG SILD NED
I den andre enden av skalaen er det norske rekefisket, der fangstverdien gjekk ned med over 50 millionar kroner samanlikna med same tidsrom i fjor. For reker kjem nedgangen på grunn av mindre fangstar, medan nedgangen i sildeinntektene kjem av lågare prisar. Sildefangstane i første halvår var nemleg nesten 70.000 tonn større enn i tilsvarande periode i fjor.

TOTALT
Verdien av norske fangstar i første halvår var på knapt 6,6 milliardar kroner mot vel 6 milliardar i tilsvarande periode i 2006. Fangstmengda gjekk opp til nesten 1,4 milliardar tonn i første halvår i år.