I rapporten som gjeld 2005 auka lovbrota med vel 8 prosent, medan bøtene gjekk ned med vel 30 prosent. Auken i lovbrot blir i hovudsak forklart med at flåten auka med rundt 5700 båtar, då EU blei utvida med ti nye medlemsland i 2004.

-Å bryte fiskerilovene i EU er ikkje harmlause spark mot autoritetane. Dei representerer ein serie med slag mot berekraftige bestandar og fiskeri. Dersom ikkje alle arbeider saman for å kome til livs den ulovlege aktiviteten som eit mindretal står bak, vil det ulovlege fisket halde fram med å blomstre medan næringa taper, seier EUs kommisjonær for fiskeri, Joe Borg.