-Regjeringa har framleis ambisjonar om å nå måla i Gøteborgprotokollen om utsleppsreduksjonar innan 2010 og vil ha årlege forhandlingar om mål for utsleppsreduksjonane, seier Maråk.
-Kva var reaksjonane i næringslivsdelegasjonen?
-Vi fann skissa så interessant at vi er innstilt på forhandlingar om det konkrete innhaldet i miljøavtalen. Dei må kome raskt i gang og vere intensive, slik at vi får avvikla NOx-avgifta snarast råd.
-Vil regjeringa gå med på miljøavtale frå 1. januar, slik at fiskebåtreiarane og resten av næringslivet kan få tilbakebetalt avgift som er innbetalt i år?
-Dette er ikkje avgjort, men Miljøverndepartementet ga oss ikkje store voner om ei slik løysing. Denne delen av avtalen er likevel meir ei sak for Finansdepartementet og vi skal kjempe vidare for kravet, seier Maråk.

Med det forslaget til miljøavtale som næringslivet har presentert vil NOx-utgiftene per kilo utslepp blir 3-5 kroner mot ei avgift i år på 15 kroner kiloen. No vil forhandlingane mellom styresmaktene og næringsorganisasjonane avgjere kor store NOx-utgiftene blir med ein miljøavtale.

Næringslivet har fått ein frist på 14 dagar til å svare på skissa frå regjeringa. Når konklusjonen alt rett etter møtet er at det er grunnlag for vidare forhandlingar er det grunn til å tru at drøftingane om innhaldet i miljøavtalen kan kome raskt i gang.

-Det er positivt at også regjeringa vil ta ein miljøavtale, til beste for miljøet og arbeidsplassane, men det står ein god del igjen får vi er i mål med ein avtale, seier utredningsleder Jan Ivar Maråk i Fiskebåt.