-Det er ekstremt mykje garn som står igjen på 300-400 meters djupn, seier Egil Skarbøvik. Vi er rundt 25 trålarar på seifiske her no og kvar båt får gamle garn og tauverk på nesten kvar tauing, seier Skarbøvik. -To av bilda viser tydeleg at garna står og fiskar ny fisk, seier han. Bilda viser berre ein liten del av det vi har fått opp på turen. Også dei andre båtane klagar over at det heng på ei masse garn. Skarbøvik meiner det mest sannsynleg dreier seg om breiflabbgarn. Garna finst heile vegen frå Tampen til 4 grader vest, seier Egil Skarbøvik.