Ifølge Fiskebåt er det difor vanskeleg å ta stilling til dei aktuelle spørsmåla som blir reist i kvoteutvalet, før det er føreligg ei avklaring rundt strukturkvotane.

Fiskebåt sitt høyringsnotat ligg under artikkelen

Ikkje fleirtal
Innstillinga frå kvoteutvalet, som vart leia av Arild Eidesen, bygger på føresetnaden om at strukturkvotane ikkje er tidsavgrensa. Problemet er berre at det i dag ikkje er politisk fleirtal for det. Dermed fell det meste av grunnlaget som innstillinga bygger på.

Stabilitet
I høyringsfråsegna frå Fiskebåt heiter det at det er ei krevjande oppgåve å endre kvote- og struktursystemet som er bygd stein på stein gjennom mange år. Samtidig blir det vist til at ikkje er tvingande naudsynt å endre systemet frå slik det er i dag.

Det blir samtidig peika på at det føreligg mange gode forslag i innstillinga frå utvalet, som Nærings- og fiskeridepartementet kan starte med å forenkle og tilpasse dagens kvotesystem.

Neste stortingsperiode
Høyringsfristen for å kome med innspel til Fiskeridpertamentet er fredag 28. april. Det er ikkje realistisk at det blir nokon politisk behandling av dette før tidlegast etter at eit nytt storting er på plass frå hausten av.