Rapporten, som viser at drivstoffbruken er meir enn halvert i forhoid til nivået i 2001 blei lagt fram på ein konferanse i regi av CRISP (Senter for forskingsbasert innovasjon) i Bergen.

I 2001 brukte torsketrålarane i gjennomsnitt 1,25 liter drivstoff per landa kilo med fisk. I 2012 var drivstoffbruken redusert til under 0,4 liter per kilo landa fisk.

Forskarane bak rapporten konkluderer med at strukturering av flåten saman med ein gunstig bestandssituasjon er ei av hovudårsakene til den gunstige utviklinga i drivstoffforbuket.

Rapporten tar også for seg andre følgjer av strukturering av flåten.