Det internasjonale råd for havforskning, ICES, kjem med råda som blir offentlege klokka 12.00 fredag 30. september. Hendinga på instituttet blir streama, og kan følgjast på imr.no frå ca. kl. 11.45 same dag.

Sentrale norskehavsbestandar
Råda gjeld for dei fem bestandene nvg-sild, kolmule, makrell, vestlig hestmakrell og hestmakrell i Nordsjøen. Katja Enberg som leiar program Norskehavet på Havforskingsinstituttet, presenterer råda. Dei bestandsansvarlege for dei ulike bestandane vil også vere til stades, skriv imr.no

Ny modell for silde-rådet
Totalt utgjorde 2016-råda for norskehavsbestandane nesten 1,9 millionar tonn fisk. Nytt for kvoterådgjevinga for 2017 er at det nyleg er gjort ein metoderevisjon (benchmark) på nvg-sild. Dette sa Erling Kåre Stenevik, bestandsansvarleg for nvg-sild på Havforskingsinstituttet, då metoderevisjonen var avslutta tidlegare i år: