Ei rekkje organisasjonar i sjømatnæringa var invitert til seminaret for å gi innspel til ei fiskeripolitisk plattform som Stortingsgruppa i partiet skal utarbeide.

Frå Fiskebåt deltok styreleiar Tore Roaldsnes og administerande direktør Audun Maråk.

Fiskebåt orienterte Ap-representantaane blant anna om kor stor sjømatnæringa er, om Fiskebåts nærings- og fiskeripolitikk og kva Fiskebåt ventar seg av Ap i den framtidige fiskeripolitikken.