Ein del båtar har levert delfangstar på Island. Andre har gått til Norge og somme av dei har levert til konsum, seier Remøy.
Det norske loddefisket kan pågå fram til 15. februar om totalkvoten ikkje blir oppfiska før den tid. Det var 25 båtar blant dei interesserte som blei uttrekte til å vere med på fisket.

-Spørsmålet no er om Island, som i fjor, vil utvide totalkvoten. I så fall blir det rom for fleire norske båtar i loddefisket ved Island, seier Remøy.