Etter at Namibia blei sjølvstendig i 1990 har fiskeria blitt sterk utvikla, både når det gjeld verdiskaping og forsvarleg forvalting av ressursane. Norge har bidratt med økonomiske ressursar og kompetanse i denne utviklinga, men det norske hjelpeprogrammet blei avslutta i 2005.

Iølgje Norad var det namibiske fisket i 2003 på 650 000 tonn og verdiskapinga innan fiskeri utgjorde 10% av Namibias brutto nasjonalprodukt.

Under besøket hos Fiskebåt var den namibiske delegasjonen under leiing av viseminister for fiskeri, Samuel Chief Ankama, spesielt opptatt av utdannings- og sertifikatspørsmål.