-Vi har fleire felles utfordringar å diskutere, som konkurransen om den beste arbeidskrafta, løns- og arbeidsvilkår i flåten, struktur og lønsemd, seier Fiskebåt-direktør Audun Maråk.

-Somme forhold er også veldig ulike. Til dømes fiskar sju-åtte islandske fartøy heile Islands pelagisk kvote, medan vi har 80-100 havfiskefartøy pluss kystflåten til å ta vår kvote. Dessutan er flåten på Island integrert i landindustrien, seier Maråk.

-Vi diskuterer også spørsmål der vi er usamde. I internasjonale kvoteforhandlingar må vi nok framleis rekne med friske tak, seier Maråk.

Maråk seier at Fiskbåt legg vekt på å ha god kontakt med aktuelle søsterorganisasjonar, og at det nyleg var eit møte med søsterorganisasjonane i EU.