I går ettermiddag avvikla Transport- og kommunikasjonskomiteen i Stortinget den andre høyringa om kvikksølvubåten. Etter den andre høyringa sa APs fraksjonsleiar i komiteen, Torstein Rudihagen, at saka handlar meir om fag enn om politikk.
-For oss blir det til sist avgjerandekva instansarvi vel å stole på. Om vi skal stole meirr på nøytrale faginstanar som Kystverket og NIVA, eller om vi skal støtte oss på instansar som har eigeninteresser i å heve havaristen, sa Rudihagen til NTB.

I rapporten som kjemiprofessor Sletten har laga for Fedje kommune er eit sentralt poeng at kvikksølvet først blir faraleg, dersom det kjem i kontakt med saltvatn. Då vil det oksidere og danne svært giftige stoff, skriv nettavisa for Universitetet i Bergen, "På Høyden".

Opposisjonspartia på Stortinget ønskjer å heve ubåten og fjerne kvikksølvet, medan landsmøta i SV og SP har gått inn for ei ny utgreiing. Saka kan også kome opp på landsmøtet i Arbeidarpartiet seinare i denne veka.

Transport- og kommunikasjonskomiteen skal levere si tilråding i saka 8. mai.

Fiskebåtredernes Forbund og ei rad andre organisasjonar i fiskerinæringa vil ha ubåten heva av omsyn til miljøet, faren for forureining og omdømet til norsk sjømat.