Trass auke i verdien var det samla volumet fire prosent lågare. Så langt i år har Norge eksportert 1,4 millionar tonn sjømat til ein verdi av 53,1 milliardar kroner. Det samla volumet har auka med fem prosent og verdien har auka med åtte prosent, samanlikna med same periode i fjor. Det viser tal frå Norges sjømatråd.

Sjå lenke under artikkelen for fullstendig rapport

Laksen står for hovudtynga av auken og då særleg eksport til Polen og Frankrike, men også for villfisk er det positive tal.

Torsk
I juli vart det eksportert 3100 tonn fersk torsk, inklusiv filet for 77 millionar kroner. Det er ein volumauke på 1100 tonn frå juli i fjor. Auken i verdi i same periode er på sju prosent eller fem millionar kroner. Danmark og Spania var dei største marknadene for fersk torsk i juli. Så langt i år er det eksportert 56 700 tonn fersk torsk, inklusiv filet, for 1,9 milliardar kroner.

Klippfisk- og saltfisk
Norge eksporterte 5 200 tonn heil klippfisk for 226 millionar kroner i juli. Det er ein volumauke på 300 tonn eller seks prosent, og ein verdiauke på ein million kroner frå juli i fjor. Så langt i år er det eksportert 47 000 tonn klippfisk for 2,1 milliardar kroner. Det gir ein auke i volumet på 7 000 tonn eller 17 prosent og ein verdiauke på 13 prosent eller 240 millionar kroner frå same periode i fjor. Portugal og Brasil var dei største marknadene for klippfisk i juli.

Norge eksporterte 1 300 tonn saltfisk for 54 millionar kroner i juli. Det er ein auke i volumet på 200 tonn eller 16 prosent og ein verdiauke på 29 prosent. Så langt i år er det eksportert 21 500 tonn saltfisk for 954 millionar kroner. Portugal og Spania var dei største saltfiskmarknadene i juli.

Makrell
Til no i år har Norge eksportert 101 000 tonn makrell for 1,3 milliardar kroner. Det er ein nedgang i volumet på fire prosent, men samtidig har det vore ein auke i verdien på fem prosent eller 59 millionar kroner frå same periode i fjor. Kina og Sør-Korea har vore dei største marknadene for makrell.

Reke og krabbe
Eksportvolumet av reke auka kraftig i juli, samanlikna med juli i fjor, med heile åtte prosent. Men verdien vart redusert med 1,7 millionar kroner eller tre prosent. Sverige, Finland og Storbritannia var dei viktigaste marknadene for reker i juli.

For kongekrabbe var det ein nedgang i volumet på seks prosent og ein nedgang i verdien på fire prosent frå juli fjor. Sør-Korea, USA og Canada var dei viktigaste marknadene for kongekrabbe i juli.