Nicolay Chudotvorets har ifølgje Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen (NEAFC) russisk flagg. Båten heitte tidlegare Santa Nikolas og hadde Honduras som flaggstat.

Piratbåten kom til Kristiansund i september i fjor. Når det no blir aksjonert mot båten heng det saman med at det nye hamnestatsregimet frå 1. mai blant anna set forbod mot alle former for leveransar til skip på den internasjonale svartelista.

-Det er no opp til agenten for båten å kome med eit utspel for kva som vidare skal skje når straumforsyninga blir kutta, seier Gunnstein Bakke. Han seier at Fiskeridirektoratet vil ha ein dialog med agenten, men understrekar at det er opp til agenten og eigarane å finne ei løysing.